Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
168. Sept. 1, 2005
Djupt splitta venstreside
Korleis bør dei nye venstrekreftene
stilla seg til dei store sentrum-venstre-partia, spør den amerikanske sosiologen
Immanuel Wallerstein.
Eit av dei viktigaste spørsmåla som har skilt venstresida verda over dei siste 150 åra er dette: Er det rett eller ikkje å støtte det som måtte vere det største til-venstre-for-midten-partiet i det eigne landet, i val? Det har vore tri grunnleggande syn:
* Dei som seier at slike parti er heilt upålitelege som forsvararar av interessene til folkerørslene og som ein derfor må halde seg unna
* Dei som seier at einaste håpet om å oppnå noko vesentleg er at slike parti
sit med makta
* Og dei som vaklar mellom desse to standpunkta.
I røynda er denna tredje gruppa, vaklarane, mest alltid ei vesentleg gruppe og
det er synet hennar som ofte dikterer dei politiske resultata.
Dilemmaet er blitt akutt nå, noko me kan sjå på den aktuelle politiske debatten i Brasil, Sør-Afrika, og Mexico. Den politiske og historiske bakgrunnen er sjølvsagt ulik i desse landa. Men visse særdrag er like. Alle har eit fungerande parlamentarisk system med regelmessige val. Ingen har alvorlege problem med opprørske militære som bryt ned lov og orden. Alle har ein offentleg debatt gåande om kva dei venstreorienterte folkerørslene bør gjøre nå.
Stoda er mest dramatisk i Brasil. Her kom eit venstreparti, Partido dos Trabalhadores (PT), til makta i oktober 2002 då Luis Inácio Lula da Silva vart valt som president. Det var ein etterlengta triumf for venstresida, og vart hylla som nett det i Brasil og verda over. I vala, så vel som dei tjue åra før, hadde PT støtte frå dei to største folkerørslene fagforeiningane (CUT) og dei eigedomslause på landsbygda (MST), så vel som ei rad venstreorienterte katolske rørsler.
Det umiddelbare problemet for regjeringa var at sjølv om PT fekk klart fleirtall i presidentvalet og blei det største partiet i underhuset, fekk dei bare tjue prosent av setene i dei to lovgivande forsamlingane. Dei følte dei måtte gå inn i skrøpelege koalisjonar med sentrums- og jamvel høgreparti for å få gjennom lovendringar.
Frå starten skapte politikken til Lula-regjeringa kontroversar på venstresida. Regjeringa peika ut nøkkelpersonar og la seg til med ein politikk som høvde dei store investorane og Det internasjonale pengefondet (IMF), og folkerørslene såg på det som kapitulasjon for nyliberalismen. PT hadde lova fordeling av jord til dei eigedomslause, og utretta svært lite på området på tri år. PT lova ta miljømessige omsyn i utviklinga av Amazonasområdet, og utretta svært lite.
På andre sida såg Brasil ut til å komme i kraftig klammeri med USA: ved å legge vekt på å styrke den regionale handelsorganisasjonen Mercosur, og freistnadene på å utvide han til heile Sør-Amerika; vennskapleg samband med Hugo Chavez i Venezuela; leiarskap i G-20-gruppa i Verdas Handelsorganisasjon (WTO), som gjekk mot freistnadene frå USA og EU på få gjennom meir nyliberal politikk via WTO. Men enkelte ser Sør-Amerika-politikken til Brasil som regional «imperialisme» som bare skal tevle med USA-imperialismen.
I 2005 dukka det noko nytt opp i bildet. Brasil fekk ein korrupsjonsskandale som omfatta nokre av leiarfigurane i PT og regjeringa, og det har gått så langt at det nå er snakk om å dra Lula for retten. I alle fall er attval av Lula og/eller siger for PT i 2006, som såg sjølvsagt ut for ikkje lenge sidan, eit åpent spørsmål.
Så kva skal folkerørslene gjøre? Ganske tidleg vendte mange venstreorienterte intellektuelle seg mot PT. Og ein liten del av partiet braut ut. Men ingen av dei store støttespelarane CUT eller MST verka klare til å forlate partiet. Nå er MST blitt ganske sterke kritikarar av regjeringa, og partiet sjølv er delt i synet på politikken sin, særleg pengepolitikken. Men folkerørslene, fleire venstreelement innanfor partiet og mange intellektuelle nøler på andre sida med å forlate partiet, fordi dei fryktar ei verkeleg høgreregjering på ny etter valet, ei som blir vanskeleg å kvitte seg med når ho først er komme til makta.
Stoda i Sør-Afrika er på mange måtar lik den i Brasil. Her vann African National Congress (ANC) endeleg ein åttiårig kamp for å grunnlegge ein stat der alle hadde lik røysterett. Og sjølvsagt, når det var på plass, så vann ANC vala lett, og Nelson Mandela vart valt til president i 1994. Han vart etterfølgt av Thabo Mbeki i 1999, som igjen vart attvald i 2004.
I Sør-Afrika var ANC i allianse med det sørafrikanske kommunistpartiet (SACP) i dei åra dei streid mot apartheid-regimet, og med fagrørsla, som i dag blir utgjort av Congress of South African Trade-Unions (Cosatu). I Sør-Afrika, ulikt tilfellet Brasil, hadde ANC ein overveldande majoritet i parlamentet. Einaste formelle alliansen har vore med SACP og Cosatu.
Den faktiske politikken ANC har ført i maktposisjon, har ikkje vore så ulik politikken til PT. Dei har fremma penge- og finanspolitikk som venstreintellektuelle (og ikkje minst Cosatu og SACP) har sett som nyliberal. Men ministrane som har vore ansvarlege for dette, er medlemmer av SACP. Regjeringa har ikkje gjort mykje med den lova landreformen, sjølv om dei har utretta noko for å elektrifisere svarte byområde. Medan dei opprinneleg lova betre vassforsyningar, har regjeringa freista delprivatisere forsyninga, og det har møtt motstand frå folkerørslene.
I internasjonale spørsmål har Sør-Afrika gått saman med Brasil i G-20-gruppa i WTO. Dei har i praksis forsvart regjeringa i Zimbabwe mot åtak frå USA og Storbritannia. Det blir absolutt ikkje sett pris på av Cosatu og venstreintellektuelle, som ser på regimet til Robert Mugabe som eit antidemokratisk styre og forrædarar mot fridomskampen. Mbeki har spela ei viktig diplomatisk rolle på det afrikanske kontinentet, som «meklar» i mange konfliktar, men enkelte ser her igjen på det som ein slags regional «imperialisme».
Den umiddelbare krisa i Sør-Afrika dreier seg om korrupsjon. Men det er Jacob Zuma inntil nyleg visepresident, og av dei fleste sett på som etterfølgaren til Mbeki som er klaga for det, og kan ende for retten. Mbeki suspenderte Zuma frå alle parti- og regjeringsverv. Både Cosatu og SACP har støtta Zuma, og bede Mbeki trekke tilbake tiltalen, og ANC om å gjøre om att suspensjonen av Zuma. Men skal venstrekreftene av den grunn bryte ut av alliansen? Ulikt Brasil, der frykten er at høgreparti skal skaffe seg ein langsiktig regjeringsposisjon, fryktar dei sosiale rørslene i Sør-Afrika at om dei bryt med ANC, så vil partiet i sin tur lykkast med å fjerne Cosatu frå den avgrensa makta dei har nå. Så dei nøler med eit endeleg brot.
I Mexico er som kjent det tilsvarande partiet Partido de la Revolución Democrátice (PRD); det sit ikkje med makta, men dei fleste trur at partikandidaten André Manuel López Obrador (AMLO) vil vinne det kommande valet. Den viktige sosiale rørsla her er EZLN, også kjent som Zapatistane. Dei har tatt avstand frå PRD, jamvel før dei har komme til makta. Dei seier at dei ventar det er svært lite å vinne om og når det måtte skje. Zapatistane spår faktisk at PRD ved makta ikkje vil skille seg særleg ut frå PT og ANC ved makta. PRD har au sine korrupsjonsskandalar, men dei er mindre enn dei i Brasil og Sør-Afrika.
Men nesten umiddelbart etter å ha komme med det synet, utdjupa zapatistane det: Dei oppfordra ikkje folk til å røyste PRD, men heller ikkje til å avstå frå det. For Zapatistane var dette eit spørsmål den enkelte veljaren måtte avgjøre sjølv. Sjølv ville dei konsentrere seg om det dei kalla «la otra campaña» (det andre stadiet) for å bygge demokratiske strukturar og alliansar, i Mexico og elles i verda, frå botnen.
Det er altså djupare skille over alt, men ennå utan avgjørande brot mellom dei venstreorienterte sosiale rørslene og det største til-venstre-for-sentrum-partiet i det gitte landet. Kan stoda i alle tri landa halde fram med å vere så ustabil? Vil partia svare på presset frå venstrerørslene med å legge fram modigare, meir venstreorientert politikk? Eller motsett, kan venstrerørslene halde oppe presset om partia i staden for går til høgre, og blir meir undertrykkande mot dei sosiale rørslene?
Dei nærmaste åra vil vere eit politisk vegskille i alle tri landa (og utan
tvil i mange andre), og vil ha stor innverknad på kampen venstrerørslene fører
over heile verda for å skape den «andre verda som er mogleg» i slagordet til
verdas sosiale forum.
Immanuel Wallerstein. Omsett av Gunnar Danielsen
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author,
write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to
ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen,
sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries