Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

204, Mar. 1, 2007

 

Eit spel for galleriet?

 

 

Førebels er ingenting sagt om å demontere eksisterande kjernevåpen i Nord-Korea.

 

Den 13. februar sendte USA, Nord-Korea og dei fire andre statane i seksparts-samtalane (Kina, Sør-Korea, Japan og Russland) ut ei felleserklæring som utanriksdepartementet i USA kallar «ein handlingsplan for kjernefysisk avrusting». John Bolton, leiande nykonservativ og tidlegare FN-ambassadør for Bush, fordømte straks avtalen som eit «spel for galleriet» som sender «nøyaktig feil signal til andre mulege atommakter verda over». President Bush beskreiv avtalen annleis. Han sa at samtalane representerte «det beste høvet til å bruke diplomati» og at avtalen var «det første steget» mot «ei atomvåpenfri (koreansk) halvøy». Kven har rett?

For det første, kva ligg i avtalen? Han har fleire delar. Nord-Korea gjekk med på å «stenge og plombere det kjernefysiske anlegget Yongbyon med sikte på avvikling», og å invitere IAEA-personell attende. Dei gjekk vidare med på «å diskutere (bare diskutere) ei liste over alle sine kjernefysiske program med andre partar».

Til gjengjeld gjekk USA med på å starte bilaterale samtalar om fullt diplomatisk samband, fjerne Nord-Korea frå lista si over statar dei har utnemnt som terrorismesponsorar, og avslutte bruken av lova om handel med fienden (Trading With the Enemy Act) mot Nord-Korea. Japan gjekk au med på bilaterale samtalar «for å gjøre opp for ei uheldig fortid og uteståande spørsmål i samband med det» - ei noko vag saksliste. Og alle gjekk med på å gi Nord-Korea energi-naudhjelp innan 60 dagar.

Korfor underteikna USA? New York Times skreiv at avtalen «markerer eit hovudskifte i politikken til Bush-administrasjonen» og Bolton er sjølvsagt einig. Det er dei fleste andre kommentatorane. Det er peika på at avtalen er ganske nær det Clinton-administrasjonen kom fram til, og som Bush-regimet fordømte. Dei fleste kommentatorane er au samde om at ein kanskje kunne komme fram til avtalen for fem år sidan, på eit tidspunkt då Nord-Korea ennå ikkje hadde prøvesprengt kjernevåpen - om Bush-regimet hadde villa.

Så kva er endra? Det ser ut som beslutningstakarane i Washington innser at dei får stadig færre val. Faktum er at Nord-Korea nå har nokre våpen, og det er tvilsamt om dei vil gi dei opp. Faktum er at USA er i ei hengemyr i Irak, og konsentrerer resten av sin umiddelbare politiske energi om Iran. Faktum er at republikanarane tapte det siste valet, i hovudsak på grunn av utanrikspolitiske spørsmål. Faktum er at USAs allierte blir mindre knytt til landet for kvar dag som går. Frå USA sitt synspunkt fjernar avtalen spørsmålet førebels frå toppen av den geopolitiske sakslista. Det blir nok av sjansar for USA til å komme tilbake seinare.

Og korfor underteikna Nord-Korea? Ein ting er at Kina pressa dei hardt til å underteikne eit eller anna. Nord-Korea kan ha sett det uklokt å presse Kina for hardt nå. Viktigare er at dei fekk noko dei har ønska lenge og som Bush-regimet lenge har nekta dei - løfte om bilaterale samtalar med USA om fullt diplomatisk samband. Og dei fekk ein del hardt tiltrengt energihjelp. Dei gjorde det utan å gi opp for mykje. Sant nok må dei stenge Yongbyon-reaktoren. Men utover det er resten opent for «diskusjonar», og ingenting blir eigentleg sagt om å demontere eksisterande kjernevåpen.

Frå Kina sitt synspunkt reduserer avtalen USAs diplomatiske press på landet til å «halde styr på» Nord-Korea. Sett frå Sør-Korea si side gir det dei høve til å halde fram den lett falma solskinnspolitikken. Bare Japan klagar, og har ymta om at dei ikkje vil bidra med energihjelp, noko som tyder at Sør-Korea må ta på seg Japans del - som ikkje vil styrke det allereie haltande tilhøvet mellom Sør-Korea og Japan.

Er det då spel for galleriet eller eit første steg? Eg er tilbøyeleg til å tru at det ganske visst er det første og bare kanskje det andre. Avtalen får nok ein gong tydeleg opp i dagen USAs minkande evne til å oppnå dei primære måla sine på den geopolitiske arenaen.

Immanuel Wallerstein

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage