Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

213, July 15, 2007

Putins karisma

 

Putin har gjer det godt som spelar på den geopolitiske arenaen.

Vladimir Putin har ikkje fått positiv mediaomtale i Sambandsstatane, og heller ikkje i Vest-Europa, det siste året eller så. Han har blitt skulda for å vere autoritær, for å freiste attreise kontrollen det russiske imperiet hadde over naboane sine, og for å blåse nytt liv i sabotasjen i FN frå den kalde krigen.

            Derfor les me noko forundra merknadene til Jean-Claude Killy, den store franske olympiameisteren og noverande fransk medlem av IOC, den internasjonale olympiske komiteen. IOC hadde møte 7. juli 2007 i Guatemala City for å avgjøre staden for dei olympiske vinterleikane i 2014. Det var tre konkurrentar: Salzburg i Austerrike, Pyongyang i Korea, og Sotsji i Russland.

            Salzburg argumenterte med at det var ein trygg, risikofri stad. Pyongyang sa dei var eit val som ville fremme fred og forsoning på den koreanske halvøya. Sotsji sytte for at Putin i eigen person møtte for å tale deira sak.

Den koreanske staden var favoritt, og leia faktisk etter første runde. Men med Salzburg eliminert, vann Sotsji den andre og avgjørande runden. Når ein høyrer Killy fortelle, så var det Putins personlege karisma som gjorde skilnaden. Han snakka både engelsk og fransk, noko han aldri gjør offentleg. Og han brukte sjarmen sin, det Killy kallar karismaen hans.

            Sant nok, det å vinne i IOC-samanhengar kan vere både hyggeleg og symbolsk viktig, men det er når alt kjem til alt, eit sekundært spørsmål, det speglar framfor å skape politisk innverknad.

            Derfor må ein spørje om det er einaste staden Putin har brukt karismaen sin. Svaret må vere nei. Først og fremst er det den politiske styrken hans heime i Russland. Ja, han har opprørt ein stor del av intelligentsiaen, men alt tyder på at han er ganske populær hos dei fleste russarane, ulikt visse andre presidentar i store statar i dag.

            Det verkar som om russarane ser han som ein som har gjort mykje for å attreise styrken til den russiske staten, etter det dei ser som audmjukande forverring i Jeltsin-æraen. I hovudsak veit me at det den eine kallar autoritære tendensar, kallar andre ofte attreising av orden. Det er svært vanleg å tolke slike ting ulikt, jamvel i nord-amerikanske land. Nicholas Sarkozy har nett tjent på dette doble perspektivet.

            Men endå viktigare er Putins politiske framgangar i verdspolitikken. Han har så langt på vellykka vis stått mot alle freistnader frå USA på å få godkjenning frå FN for reelle straffetiltak mot Iran, Nord-Korea og Sudan.

            Han har hindra vidare steg mot sjølvstende for Kosovo. Sant nok har russarane hatt same standpunkt som kinesarane i desse spørsmåla, så Russland er ikkje aleine. Men på 1990-tallet var slike sterke – og så langt effektive – russiske standpunkt utenkelege.

           

Så er det Russlands handtering av Europa. Han har gått mot planane til USA om å installere rakettskjold i Polen og Tsjekkia, og har fått støtte for standpunktet sitt (om stillteiande) frå Vest-Europa. Han har brukt kontroll av gass- og oljeeksporten frå Russland sjølv, og frå både sentralasiatiske og kaukasiske land, ikkje bare for å oppnå større forteneste for Russland (og dermed større makt globalt), men meir eller mindre for å presse sine vilkår i energispørsmål på Vest-Europa.

            Om ein nøytral dommar skulle gi poeng for om Putins handlingar har gitt positive eller negative konsekvensar for Russland, trur eg ein rettferdig observatør måtte seie at Putin har gjort det godt som spelar på den geopolitiske arenaen. Kall det karisma, kall det kva du vil, sigeren for Sotsji i Guatemala City speglar den positive vurderinga, og styrkar ho.

 

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage