Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
224, Jan. 1, 2008
Kva har dei oppnådd?
Zapatistane sa at deira protest var knytt saman med kampen
mot ny-liberalismen.
Den
1. januar 1994 leia Ejército Zapatista de Liberación Nacional (EZLN), vanlegvis
kalla zapatistane, eit opprør i San Cristobal de
las Casas i staten Chiapas i Mexico. Snaue
fjorten år seinare samla EZLN eit internasjonalt kollokvium 13.-17. desember i
den same byen med emnet «Planeten jorda: Systemkritiske rørsler» - ei slags
samanfatting, både globalt og lokalt om måla deira. Eg deltok sjølv på
konferansen på linje med mange andre aktivistar og intellektuelle. I løpet av
konferansen heldt subcommandante Marcos seks talar; dei er tilgjengelege på
internett.
På
eit vis var spørsmålet alle stilte, medrekna Marcos: Kva har zapatistane
oppnådd og kva framtidsutsikter har dei systemkritiske rørslene - i Chiapas og verda? Svaret
på spørsmålet er ikkje enkelt. La oss byrje historia 1. januar 1994. Dagen vart
valt som start på opprøret fordi det var dagen det nordamerikanske
frihandelssambandet Nafta vart sett ut i livet. Slagordet den dagen var «¡Ya
basta!» (Nok er nok!) Zapatistane sa heilt frå starten at deira femhundre år
lange protest mot urett og audmjuking og for kravet om autonomi i dag var
organisk knytt saman med den verdsomspennande kampen mot ny-liberalismen og
imperialismen som Nafta både var ein del
av og eit symbol på.
La
oss hugse at Chiapas kanskje er den fattigaste
regionen i Mexico
og at befolkninga i overveldande grad består av såkalla urfolk. Den første
katolske biskopen i Chiapas
var Bartolomé de Las Casas, dominikanarpresten frå 1500-tallet som via livet
sitt til eit kraftfullt forsvar for indianarane sin rett til lik behandling
(mot kjerka og det spanske monarkiet). Frå Las Casas tid fram til 1994 fekk
ikkje indianarane denne retten. EZLN bestemte seg for å freiste andre metodar.
Hadde dei då større suksess? Me må sjå på verknaden rørsla hadde på tre område:
i Mexico
som politisk arena; i verdssystemet som eit heile; og for utviklinga av teori
for systemkritiske rørsler.
Først
Mexico:
Væpna opprør som taktikk vart avslutta etter omlag tre månader. Det har aldri
vore tatt opp igjen. Og det vil det ikkje bli om ikkje den meksikanske hæren
eller høgreorienterte paramilitære set i verk massive åtak på autonome
zapatistsamfunn. På andre sida vart aldri våpenkvileavtalen som vart inngått
med den meksikanske regjeringa - dei såkalla San Andrés-avtalane som skulle gi
sjølvstyre for urfolksområde - sett ut i livet av regjeringa.
I
2001 leia zapatistane ein fredeleg marsj gjennom Mexico til hovudstaden, med det
håpa dei å presse den meksikanske kongressen til å vedta kjernepunkta i
avtalane. Marsjen vekte stor oppsikt, men den meksikanske kongressen reagerte
ikkje. I 2005 sette zapatistane i verk «den andre fasen», eit forsøk på å skape
ein allianse mellom zapatistane med grupper i andre provinsar som hadde meir
eller mindre same mål - oppsiktsvekkande igjen, men det endra ikkje den
faktiske politikken til den meksikanske regjeringa.
I
2006 avslo zapatistane skarpt å stø den venstreorienterte presidentkandidaten
Andrés Manuel López Obrador; han tapte knapt mot den utropte vinnaren, den
svært konservative Felipe Calderón. Det var den handlinga som skapte mest
kontroversar blant tilhengarane til zapatistane i Mexico og i resten av verda, mange
av dei meinte det kosta López Obrador sigeren. Standpunktet til zapatistane
bygde på ei djup overtyding om at det ikkje er lønt å drive politikk gjennom
val. Zapatistane har vore kritiske til alle presidentkandidatane i
Latin-Amerika til venstre for sentrum, frå Lula i Brasil til Chávez i Venezuela, ut
frå at dei alle var rørsler ovanfrå og ned som ikkje endra noko grunnleggande
for det undertrykte fleirtallet. Den einaste latin-amerikanske regjeringa
zapatistane snakkar positivt om er den cubanske, fordi det er den einaste
regjeringa dei vurderer som verkeleg anti-kapitalistisk.
På
andre sida, heime i Mexico
har zapatistane klart å etablere de facto velfungerande autonome samfunn for
urfolk, sjølv om dei er beleira og konstant trua av den meksikanske hæren.
Desse samfunna er politisk sett imponerande avanserte og målretta. Men vil det
vare ved, i fråvær av verkelege politiske endringar i Mexico, særleg
i lys av aukande press på rettane indianarane har til å kontrollere si eiga
jord? Det er det uløyste spørsmålet.
På
verdsscena er biletet noko annleis. Det er ikkje tvil om at zapatist-opprøret i
1994 vart ein stor inspirasjon for systemkritiske rørsler verda over. Det var
utan tvil eit viktig vendepunkt i prosessen som førte fram til demonstrasjonane
i 1999 i Seattle,
som igjen førte til nederlaget for møtet til Verdas handelsorganisasjon (WTO),
eit nederlag WTO aldri har henta seg opp frå. Om WTO i dag kjenner seg
halvdøyande fordi nord-sør-tilhøvet er i ei bakevje, så kan
zapatistane ta ein del
av æra for det.
Seattle førte i sin tur
til at Verdas sosiale forum (WSF) vart danna i 2001, det har blitt viktigaste
møteplassen for dei systemkritiske rørslene i verda. Og om zapatistane sjølv
aldri har deltatt på noka WSF-samling fordi dei teknisk sett er ein væpna hær,
så er zapatistane framleis eit forbilete i WSF, ein slags inspirasjonskilde.
Zapatistane
har frå starten sagt at målet og interessene deira er globale - intergalaktisk
i deira sjargong - og dei tilbaud støtte til alle og ba aktivt om støtte frå
rørsler over alt. Det har dei hatt stor suksess med. Og om den internasjonale
støtta har bleikna noko i det siste, så var samlinga i desember 2007 eit klart
forsøk på å live opp att desse alliansane.
Men
på mange måtar er det viktigaste bidraget frå zapatistane - og det mest
omstridde - på det teoretiske området. Det var slåande at i dei seks talane
Marcos heldt i desember, så var den første via til kor viktig det var med teori
i samfunnsvitskap. Kva seier zapatistane om korleis ein skal analysere verda?
Først
og fremst legg dei vekt på at det som er grunnleggande galt med verda i dag er
kapitalismen, og at det er det som grunnleggande må endrast, noko dei
insisterer på vil kreve verkeleg kamp. Nå er zapatistane sant nok ikkje dei
første som hevdar det. Så kva meir seier dei? Dei er ein del av eit post-1968-syn som hevdar at dei
tradisjonelle analysane til den gamle venstresida var for snevre, fordi dei
tilsynelatande bare la vekt på problema og kampen til det urbane
industriproletariatet. Marcos via eit heilt foredrag til kvinnenes kamp for
sine rettar. Han via eit anna til den avgjørande vekta ein må legge på
landarbeidarane sin kontroll over jorda.
Og
ganske slåande sette han overskrifta «verken sentrum eller periferi» på fleire
av talane - avviste tanken om at det eine hadde prioritet framfor det andre,
enten det gjeld makt eller intellektuelle analysar. Zapatistane hevdar at alle
undertrykte grupper fører ein likeverdig viktig kamp, og at kampen må kjempast
på alle frontar samtidig.
Dei
seier au at rørslene sjølve må vere demokratiske. Slagordet er «mandar
obedeciendo», som ein kan
omsette til å «leie ved å lyde røysta og ønska til dei ein leier». Det er lett
å seie og vanskeleg å gjennomføre, men det er eit protestskrik mot den
vertikale oppbygginga venstreorganisasjonar historisk har hatt. Det fører dei
til ein «horisontalisme» i forholdet mellom ulike rørsler. Enkelte av
tilhengarane seier dei er heilt mot å ta statsmakt nokon sinne. Mens dei er
djupt skeptiske til å ta makta over staten som «det minste vonde», er dei
villige til å gjøre unnatak, som når det gjeld Cuba.
Var
zapatistopprøret ein suksess? Det einaste svaret ligg i den tvilsame historia
om svaret Zhou En-Lai skal ha gitt på spørsmålet: «Kva meiner du om den franske
revolusjonen?» Svar: «Det er det for tidleg å kunne svare på.»
©
Immanuel Wallerstein.
Omsett
av Gunnar Danielsen.
«Om WTO kjenner seg halvdøyande fordi nord-sør-tilhøvet er i
ei bakevje, kan zapatistane ta ein del av æra for det»
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions, including translations and
posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to
a colleague
______________________________________________
Go to List of
Commentaries
Go to Fernand Braudel Center Homepage