232, May 1, 2008
Rase, kjønn og klasse i amerikansk politikk. Noko nytt?
Verda over blir 1. mai feira som den
internasjonale kampdagen for arbeidarane. Det einaste unnataket er
Sambandsstatane. Det ironiske er at dagen blir feira til minne om ei hending i
Sambandsstatane – Haymarket-opprøret i Chicago. På 1. mai i 1886 var det
generalstreik til støtte for kravet om åtte timars arbeidsdag i mange byar i
Sambandsstatane. I Chicago marsjerte 80.000 arbeidarar ned Michigan Avenue. På den
fjerde demonstrasjonsdagen, heilt på slutten av marsjen på torget i Haymarket,
braut valden laus. Opphavet er omstridd enno i dag, men nokre politimenn vart drepne.
Derfor vart streikeleiarane arresterte og fi re av dei avretta for det som vart
kalla mord. Sjølv om dei var tyske immigrantar i Sambandsstatane, song dei «Marseillaisen»
og ikkje «Starspangled banner», eit uttrykk for internasjonal
klassesolidaritet. Trass i det har politikarane i Sambandsstatane alltid
freista tone ned klassekonfl iktar som kjennemerke i amerikansk politikk, det er
grunnen til at 1. mai ikkje blir feira i Sambandsstatane.
I 2008
går det føre seg ein hard valkamp om presidentembetet i USA. Kampen i
primærvala i Det demokratiske partiet står mellom ei kvinne og ein
afro-amerikanar. Den republikanske kandidaten er ein kvit mann. Frå starten
nekta alle for at rase eller kjønn var viktig. Men etter som kampen vart forlenga
og blei hardare, har både rase og kjønn komme i forgrunnen som tema. Alle
nektar framleis for at klassespørsmål er eit tema. Oppdelinga i rase, kjønn og klasse
er ei gammal historie i det moderne verdssystemet. Det har stått sentralt i den
politiske historia til Sambandsstatane. I 1848, eit år med store politiske omveltingar
verda over, skjedde den første verkelege sosialistiske revolusjonen i Frankrike
i moderne tid, og i store delar av Europa var det nasjonale reisingar, noko
historikarane seinare har kalla «nasjonane sin vår». I Sambandsstatane var den
viktigaste hendinga konferansen i Seneca Falls, som blir rekna som
grunnleggingstidspunktet for feminismen i Sambandsstatane. Den berømte
«Meiningserklæringa» (Declaration of Sentiments) frå 19. og 20. juli 1848
byrjar som eit ekko av Sjølvstendeerklæringa: «Me held desse sanningane som sjølvsagte:
at alle menn og kvinner er skapt likeverdige.» Blant klagemåla som vart lista
opp var det faktum at kvinner vart frårøva «den første borgarretten, røysteretten»,
ein rett som vart gitt (klagen peika mot framtidige konfl iktar) til «uvitande
og lågstståande menn – både innfødde og utlendingar.»
Den leiande afro-amerikanaren på den tida,
Frederick Douglass, møtte i Seneca Falls for å tilby hjelp frå
afro-amerikanarane – i hovudsak slaver då – til kampen for kvinnerettane.
Seinare, i 1872, skulle Douglass bli visepresidentkandidat for Partiet for like
rettar (Equal Rights Party), på ei liste der presidentkandidaten var Victoria
Woodhull. Det var første gongen ei kvinne og ein afroamerikanar stilte i val
til presidentembeta. Men då kongressen etter borgarkrigen vedtok det fjortande tillegget
til grunnlova – det som gjorde det ulovleg å hindre mannlege afro-amerikanarar å
røyste – då var kvinnerørsla skuffa over at dei ikkje var med. Wendell
Phillips, ein av leiarane i antislaverirørsla, sa dei berømte orda til
kvinnerørsla i mai 1865, at krava frå suffragettene ikkje måtte pressast fram
då fordi «dette er negeren si tid». Mange suffragetter let seg ikkje stanse. Som
svar støtta Elizabeth Stanton og Susan B Anthony presidentkampanja til George
Francis Train, ein kjent rasist, men som likevel støtte kvinnekampen. Resultatet
vart ei djup splitting i kvinnerørsla. Ettersom kvinnerørsla blei meir konservativ i
alle sosiale og arbeidarspørsmål i andre halvdelen av det nittande hundreåret, gjekk
dei same vegen i spørsmål om etnisitet og rase. I løpet av den konservative utviklinga,
gjekk mange feministar bort frå naturrettsargumenta. Dei byrja argumentere med at
kvinnene måtte få røysterett «for å balansere påverknaden frå dei som var fødde
utanlands». I 1903 kravde den viktigaste kvinneorganisasjonen utdanning for å
røyste (der Charlotte Perkins Gilman einsamt men viktig nok dissenterte). Då
stemninga var som mest spent greip enkelte suffragetter til rå rasisme. Til
dømes laga dei ein plakat der ein vill neger sat ved sida ei forfi na kvit
kvinne og teksten sa: «Han kan røyste; korfor kan ikkje eg?»
I all
striden mellom ofra for ulikskapen (rase mot kjønn) var det praktisk talt ikkje
snakk om klasse, sjølv om det store fl eirtallet av både afro-amerikanarar og kvinner
var arbeidarklasse, slik dei framleis er det i dag. Slik har det seg at ein
opent konservativ republikansk kandidat, som gjennom heile karriera si har støtta
interessene til overklassa og gått mot all lovgiving som ville hjelpe
arbeidarklassa (som i Sambandsstatane blir kalla «middelklasse»), kan håpe på å
tiltrekke som nokre røyster frå folk i arbeidarklassa som ikkje er klare til å
godta tanken om at ei kvinne eller ein afro-amerikanar kan bli president i
Sambandsstatane. Finst det noko nytt? Det gjør det. Sjølve tanken at dei to mulege
kandidatane til det demokratiske partiet er ei kvinne og ein afro-amerikanar er
noko som var utenkeleg bare for eit tiår sidan. Valet av den eine eller den
andre kan framleis syne seg utenkeleg. Men det avheng av i kva grad Det
demokratiske partiet kan organisere kampanja si rundt klassespørsmål, det som på
forsiktig vis blir kalla «økonomiske spørsmål». Om dei gjør det, vil dei truleg
gjøre reint bord i valet. Om dei ikkje gjør det, då vil det bli ein jamn kamp.
© Immanuel
Wallerstein.
Omsett av
Gunnar Danielsen
Immanuel
Wallerstein [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global.
For rights and permissions, including translations and posting to
non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or
1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or
e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is
displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert
to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email
this Commentary to a colleague ______________________________________________
Go to List of Commentaries