Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

 

233,  15.05.2008

 

Kva vil det seie at Latin-Amerika har gått til venstre?

 

Om ein ser på vala i Latin-Amerika, har partia til venstre for sentrum vunne dei i mange av landa sidan 2000 - mest markante er Brasil, Uruguay, Argentina, Chile, Ecuador, Venezuela, Nicaragua, og nyleg Paraguay. Det er sjølvsagt viktige skilnader på situasjonen i desse landa. Nokre av regjeringane står ganske nær sentrum. Andre snakkar eit meir revolusjonært språk. Og det er nokre få unntak - særleg Colombia, Peru og Mexico (sjølv om den konservative regjeringa i Mexico vann det siste valet med om lag like stor legitimitet som Bush vann vala i 2000 i Sambandsstatane). Det verkelege spørsmålet er ikkje om Latin-Amerika har gått til venstre, men kor langt til venstre dei har gått.

For meg ser det ut til å vere fire ulike typar prov ein kan legge fram for å dokumentere at Latin-Amerika har bevega seg til venstre. Det første er at alle desse regjeringane på eit eller anna vis har freista distansere seg frå Sambandsstatane, i større eller mindre grad. Bush-administrasjonen ville i alle desse tilfella ønska at valmotstandarane hadde vunne. Når uvennlege regjeringar kom til makta tidlegare, arbeidde Sambandsstatane for å få bytta dei ut, å styrte dei faktisk. Men nedgangen i USAs makt i verdssystemet, og spesielt det at dei har vore så opptatt med krigane dei har tapt i Midtausten, ser ut til å ha underminert den politiske energien som før fekk dei til å vise handlekraft i Latin-Amerika. Det mislykka kuppet mot Chávez i 2002 er godt bevis på det.

Korleis har desse regjeringane distansert seg frå Sambandsstatane? Det er gjort på mange måtar. I 2003 var Sambandsstatane ute av stand til å overtyde dei to latinamerikanske medlemmene i Tryggingsrådet i FN den gongen (Chile og Mexico) om å støtte resolusjonen dei ønska for å legitimere USAs invasjon i Irak. Ved det siste valet på generalsekretær i Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) tapte den USA-støtta kandidaten, noko som aldri hadde hendt før i historia til OAS. Og då Colombia - den einaste sikre vennen Sambandsstatane har i Latin-Amerika i dag - kom i alvorleg krangel med Venezuela og Ecuador i år, tok dei andre latinamerikanske landa i praksis parti for Ecuador og Venezuela. Ecuador avslår no å fornye den militære basen Sambandsstatane har der.

Den andre typen prov på venstretendens har vore den brå veksten i politisk tyngde og makt til rørslene til urfolk over heile Latin-Amerika - mest markant i Mexico, Ecuador, Bolivia og Sentral-Amerika. Urfolka i Latin-Amerika har lenge vore den mest undertrykte delen av befolkninga, og har for det meste vore halde utanfor dei politiske strukturane. Men i dag har me ein president frå urfolk i Bolivia, noko som er ein veritabel sosial revolusjon. Styrken desse rørslene har både i Andesområdet og i maya-området i Sentral-Amerika har blitt ein hovudfaktor i det politiske livet her, og ein varig faktor.

Den tredje typen prov er at frigjøringsteologien har overlevd, og vakse. Vatikanet tok tiltak for å undertrykke desse rørslene under alle dei tre siste pavane, med minst same kraft som Sambandsstatane brukte mot venstre-regjeringane på 1950- og 60-tallet. Teologar vart tystna og symaptiserande biskopar erstatta med tydeleg ikkje-sympatiserande. Likevel held katolske rørsler inspirert av frigjøringsteologien fram med å blomstre i Brasil. Presidentane i Ecuador og Paraguay kjem frå ein slik tradisjon. Og inntrenginga til protestantiske evangeliske grupper i Latin-Amerika kan føre til at Vatikanet kan bli meir tolerante mot frigjøringsteologane, som i det minste er katolikkar, og som kan bidra til å demme opp for tapet av truande frå kjerka.

Sist: Brasil har gjort eit rimeleg vellykka arbeid for å bli leiar i ei regional Sør-Amerika-blokk. Det kan i seg sjølv ikkje sjåast som eit steg til venstre. Men sett saman med multipolariseringa som går føre seg over heile verda, svekkar opprettinga av slike regionale sonar makta ikkje bare til Sambandsstatane, men til heile nord sett i ein nord-sør-samanheng. Brasils leiarskap for dei såkalla G-20-landa er ein hovudårsak til at WTO har mist evna til å sette ein nyliberal dagsorden ut i livet.

Så kva blir summen av alt? Ganske visst ikkje ein «revolusjon» i den tradisjonelle betydninga av ordet. Det betyr at medianpunktet i latinamerikansk politikk, plasseringa av «sentrum», er flytta betydeleg til venstre for der det var for berre eit tiår sidan. Det må settast i samanheng med ei verdsomspennande rørsle. Skiftet til venstre går au føre seg i Midtausten og Aust-Asia. Faktisk går det føre seg i Sambandsstatane. Verknaden av tilbakeslaget i verdsøkonomien, som truleg snart blir enno meir alvorleg, vil utan tvil forsterke tendensen.

Vil det ikkje komme reaksjonar frå høgrekreftene? Utan tvil. I Latin-Amerika ser me i dag at dei meir velståande og “kvitare” austlege regionane i Bolivia freistar skille seg ut og komme seg bort frå urfolkmajoriteten som endeleg har fått makt i sentralregjeringa.

Me står framfor ustadige tider politisk, i Latin-Amerika som andre stader. Men venstresida i Latin-Amerika står i ein langt sterkare posisjon til å kjempe desse kampane i dag enn dei har gjort på femti år.

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage