Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

235, June 15, 2008

Valet av Barack Obama vil markere slutten på 80-tallets kontrarevolusjon.

Nytt håp

 

Barack Obama. Ikkje bare vann han nominasjonen som presidentkandidat for demokratane. Med stort fl eirtal I valmannskollegiet vil han gjøre reint bord og få betydeleg auka demokratisk styrke i begge husa i Kongressen. Før me vurderer kor langt han vil og kan gå – det vil seie kor stor endring det faktisk vil bety, må me sjå nøye på valtriumfen hans. I den langdryge kampen med Hillary Clinton, viste både målingar og resultat at begge stod sterkt i ulike veljargrupper. Obama stod sterkare blant dei unge, dei med meir utdanning, sjølvsagt hos afroamerikanarane, og dei mest venstreorienterte. Men han var tydeleg meir attraktiv for uavhengige og for republikanarar som kan røyste demokratisk. Clinton stod sterkast blant dei eldre, dei med mindre utdanning, hos kvinnene sjølvsagt, hos latinos, og dei som star politisk i sentrum.  Men det var superdelegatane som verkeleg avgjorde valet. Og dei røysta på heilt anna grunnlag, overtydde om at han ville vere den sterkaste kandidaten, som faktisk kunne vinne nokre tradisjonelt republikanske område. Og om han ikkje kunne få fl eirtal i desse statane, kunne han hjelpe demokratiske kongresskandidatar vinne. Det er slåande korleis han fekk sterk støtte frå superdelegatar nettopp i desse statane, mange av dei var sentrums- og slett ikkje venstreorienterte. Med eit lokalt forankra utgangspunkt, fortel desse superdelegatane noko om politiske realitetar i 2008.

 

Eg har nettopp analysert og samanlikna McCains tall i dei siste målingane og dei faktiske talla til Bush I 2004. I 45 av dei 50 statane står McCain svakare, ofte mykje svakare enn Bush gjorde. I dei andre 5 står han om lag likt. Om Bush vann ein stat med stor margin, vil McCain sjølvsagt vinne, men med mindre margin. Men i dei statane der det var jamnt i 2004, er valvinden i Obamas favør. McCain er på sitt sterkaste no. Det demokratiske partiet samlar seg igjen og er svoltne på siger. Obama vil tape lite av dei tradisjonelle røystene blant kvinnene og jødane. Han vil auke prosentdelen frå latinos, og få fram svært mange unge og afroamerikanarar som elles ikkje ville røysta. Han vil få ein  betydeleg del røyster frå uavhengige og republikanarar som er frustrerte over Bush. Dei som vil røyste mot Obama fordi han er afroamerikanar ville mest alle uansett røysta republikansk. Det spørsmålet er alt avgjort. Republikanarane på andre sida er djupt splitta og ganske bitre. Det kristne høgre stolar framleis ikkje på McCain, og strittar mot. Og me gløymer for lett at liberalarane har hoppa av. Ron Paul planlegg kamp på konventet. Den vil han sjølvsagt tape, og tilhengarane er alt misnøgde. Med Bob Barr som kandidat for Libertarian Party, vil han få mange av røystene til Paul. Barr kan bli for McCain det Nader var for Gore i 2000 – akkurat sterk nok til at McCain mistar nokre få statar. Generelt vil McCain miste mykje støtte han reknar med blant såkalla Reagan-demokratar pga. den økonomiske politikken sin. Detaljert analyse stat for stat syner at den einaste staten demokratane vann I 2004 der McCain kan tevle i dag er Michigan. Statane Bush vann i 2004 der Obama kan tevle er mange – Ohio, Indiana, Iowa, Missouri, New Mexico, Colorado, Virginia, og kanskje Nevada, North Carolina, og Montana. Han gjør det jamvel så godt i Mississippi at republikanarane må satse tid og pengar på valkampen der. Vinn Obama alle vippestatane unntatt Michigan, har han 310-333 valmannsrøyster. Han treng 270. Biletet er enno betre i senatvala, der demokratane kan vinne i statar der Obama ikkje kan – td. Kentucky, der den republikanske minoritetsleiaren I Senatet er i alvorleg trøbbel i ein svært republikansk stat.  

 

Kva betyr det? Obama planlegg ingen revolusjonære vendingar i politikken til USA. Han er omgitt av mange konvensjonelle demokratiske politikarar og rådgivarar. Men han blir feid inn I presidentembetet på ei entusiastisk endringsbølge som USA ikkje har sett sidan valet av Kennedy. Sant nok er det svært lite han kan gjøre i verdspolitikken, trass i at heile verda vil heie på han. Det geopolitiske anarkiet er langt utanfor kontrollen til presidenten i USA i dag. Men han vil bli pressa til å gjøre viktige endringar i USA. Sjølvsagt er valet av ein afroamerikanar ei markant kulturell endring, og må få stor effekt. Veljarane vil vente at han set i verk eit tilnærma New Deal – offentleg helsestell, endring av skattesystemet, sysselsettingstiltak, redde pensjonane. Kor mykje han kan gjøre avheng dels av tilbakeslaget i økonomien globalt, som i hovudsak er utanfor hans kontroll, men kraftfullt leiarskap kan opp til eit punkt likevel bety mykje. Eksempler Roosevelt syner det. Det viktigaste ukjende punktet er kor langt han vil gå for å løyse opp kvasipolitistatstrukturen som Bush-regimet har oppretta under dekke av krigen mot terror. Det betyr langt meir enn å peike ut betre dommarar: radikal omlegging av både lovgiving og utøvande politikk; å utsette ultra-hemmelege reglar og praksis for dagslys. Mykje kan gjørast, som me veit frå det som vart gjort i 70-åra; få kontroll på CIA og FBI. Men stoda er verre no og krev meir. Historia kan komme til å dømme Obama framfor alt ut frå kva han gjør på området her. Til no har han vore ganske taus om desse spørsmåla. Obama har vunne stort. Valet av han vil markere – ikkje vere årsak til – slutten på 80-tallets kontrarevolusjon frå høgresida verda over. Han har tent håpet på nytt, og skapt rom for ei meir progressive verd. Men det rommet er strukturelt avgrensa av eit stadig meir anarkistisk verdssystem. Det grunnleggjande spørsmålet er ikkje om han vil omforme verda og/eller sette USA i førarsetet att I verda – ingen av delane vil skje – men om han vil gjøre så mykje som råd for at me alle kan ha framgang. Sjølv om det er mindre enn verda ønskar han kunne.

Immanuel Wallerstein,

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage