http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Kommentar 237, 15.07.08
Har opptrappinga i Irak verka?
I 2006 såg det ut til å gå dårleg med USAs militære framstøytar i Irak. Krigen
her vart hovudsaka i vala til Kongressen i 2006 i USA. Det er semje om at
republikanarane gjorde det dårleg i desse vala fordi veljarane var desillusjonerte
over invasjonen og om han var bryet verdt.
Den 11. desember 2006 la ein framståande tverrpolitisk komite leia av James A
Baker fram ein rapport som kravde ei gradvis tilbaketrekking av dei amerikanske
troppane, og direkte samtalar med Iran og Syria om alle viktige spørsmål i
Midtausten.
Trass i at tilrådingane frå Baker-Hamilton-kommisjonen fekk omfattande politisk
støtte, gjekk Bush for eit heilt anna svar på den usikre militære stoda, eit
svar som har fått namnet "opptrapping". Grunnleggande gjekk
opptrappingsstrategien på å auke troppane, ikkje dra dei tilbake, og å freiste
på ulike måtar å få til drastisk reduksjon i valden både mot USA-troppane og
mot irakarane.
Rundt atten månadar seinare hyllar Bush-regimet og den republikanske kandidaten
John McCain strategien. Det er sant at åtaka på amerikanske miltære har gått
radikalt ned frå nivået for atten månadar sidan. Det er vidare sant at valden
mot irakarane selektivt har gått noko ned. Resultatet er at opinionen i USA har
endra seg. Meiningsmålingane viser at tallet på dei som meiner krigen var eit
"mistak" er omlag det same, og dei er framleis for gradvis
tilbaketrekking. Det som har endra seg er uroa og krava frå opinionen. Irak er
ikkje lenger det dei uroar seg mest om. Merksemda har flytta seg til den
dårlege forfatninga i verdsøkonomien, og særleg økonomien til USA. Resultatet
for valkampen i USA er at McCain ikkje tiltrekker seg usikre veljarar på
bakgrunn av opptrappingsstrategien, men Obama får heller ikkje fleire usikre
veljarar ut frå løfta sine om å trekke troppane tilbake.
Spørsmålet står stadig tilbake: Har opptrappinga fungert? Eg går ut frå at ein
kan seie ho har det, sett ut frå valdshendingar i perioden. Ho ville fungert
enno betre om USA kunne sende nye 200.000 soldatar. Men USA har ikkje nye
200.000 soldatar å sende. Og dei samarbeidande landa har trekt troppane sine
attende. Sjølvsagt er det slik at om du mutar ein haug med sunnisjeikar så vil
dei stå på USAs side så lenge det passar. Og om du gjør etnisk reinsking til
prinsipp, som i Bagdad, er det mindre rom for ein del av den inter-irakiske
valden som har gått føre seg. Og om Moktada al-Sadr trur det er klokare å
vente, vil valden som har gått føre seg bli midlertidig redusert.
Men sjå kva som har skjedd andre stader i Midtausten pga opptrappinga. I
november 2006 gratulerte USA og Nato seg sjølve med suksessen i Afghanistan.
Etter det har to ting hendt. Tallet på skadde USA-soldatar har auka, utover
talla i Irak. Det same gjeld valden mot afghanarar. Brått er Taliban attende
med brask og bram. Og for første gong sidan 2001, snakkar lærde muslimar om at USA kan tape både i
Afghanistan og Irak.
Og sjå til Pakistan. Sidan november 2006 har landet hatt etter måten
demokratiske val som førte til ei lovgivande forsamling som er fiendslege til
president Musharraf, som USA framleis set sin lit til. Som ein følge av det har
Musharraf slåst for å halde hovudet over vatnet. Ein av måtane har vore å inngå
ein stillteiande avtale med islamiststyrkane i nordvestterritoriet som er til
fordel for både al-Qaida og Taliban. Nyleg okkuperte desse styrkane nesten den
største byen i området. Uansett er dei svært sterke, og stør Taliban i
Afghanistan aktivt.
Sjå så på Iran. Iran skrik og ber seg. Det same gjør Israel om Iran. Det same
gjør Dick Cheney. Men Iran er faktisk sterkare enn nokon gong. Og dei har på
alle måtar styrka banda sine til dei to gruppene i Irak som USA set sin lit til
- al-Maliki-regjeringa og kurdarane. Iran har reelt samafallande interesser med
USA på mange område i Afghanistan. Men USA er ute av stand til å dra fordel av
denne geopolitiske alliansen fordi dei insisterer på at Iran er djevelen i
Midtausten.
Sjå no på Irak. USA har håpa at Irak, med så "vellykka" opptrapping,
ville underteikne ein avtale i år, som ville låse plasseringa av
USA-soldatar og USA-basar i årtier framover. Istadenfor har al-Maliki gjort det
klart at Irak vil underteikne ein kortsiktig interimavtale, men bare om USA går
med på ein timeplan for tilbaketrekking, ein styggedom både for Bush og McCain.
Eg kunne halde fram - om Libanon, Israel/Palestina, Golf-statane. Faktisk er
USA avgjort veikare alle stader i Midtausten no enn for atten månadar sidan då
opptrappinga starta. Har det ikkje skjedd delvis, kanskje i hovudsak nettopp
pga av opptrappinga? Midtausten i dag er som ein geopolitisk ballong. Om du
klemmar ein stad, vil lufta ganske enkelt flytte seg til ein annan stad. Og
ballongen blir skrøpelegare heile tida. Den er på randa av å sprekke.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions, including translations and
posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries