http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Kommentar nr 238, 01.08.2008
Afghanistan: Obama vil få problem
Obama har byrja kampanja si og blitt populær hos veljarane, i hovudsak på grunn
av standpunktet til krigen i Irak. Han har gått mot krigen offentleg sidan
2002. Han har kalla det ein "dum" krig. Han røysta mot
"opptrappinga". Han har kravd tilbaketrekking av alle stridande
soldatar over 16 månader. Han har stått fast på at opptrappinga var feil.
Samtidig har han heile tida argumentert for at USA må gjøre meir i Afghanistan.
Det omfattar mellom anna å sende 10.000 fleire soldatar så fort som råd. Han
meiner visst ikkje krigen her er dum på noko vis. Det ser ut til at han meiner
USA kan "vinne" krigen - med fleire soldatar og meire hjelp frå Nato.
Som president kan han få seg ei ubehageleg overrasking.
Obama ville gjøre lurt i å studere intervjuet med Gérard Chaliand i Le Monde
nyleg. Chaliand er ein leiande geostrateg, spesialist på såkalla irregulære
krigar. Han kjenner Afghanistan svært godt, han har reist på kryss og tvers der
dei siste tretti åra. Han oppheldt seg mykje hos mujahedin då dei slåst mot
sovjettroppane på 1980-tallet. No er han store delar av året i Kabul på
senteret for konflikt- og fredsstudiar som han har vore med å grunnlegge.
Han er svært klar om den militære stoda. "Siger er umauleg i
Afghanistan... I dag må ein prøve forhandle. Det finst inga anna løysing."
Korfor? Fordi Taliban kontrollerer lokale styresmakter i aust og sør i landet,
der pashtunane dominerer. Å doble tallet på vestlege soldatar og doble tallet
på regjeringssoldatar, og bruke langt meir enn dei noverande 10 prosenta av
hjelpa utanfrå til økonomisk utvikling kan endre stoda. Men Chaliand tvilar på,
og det same gjør eg, om det er sannsynleg ut frå den politiske stoda i USA og
Nato-landa. Den tyske utanriksministeren har alt åtvara Obama mot å legge press
på Tyskland for å få fleire soldatar mot Taliban. Det er heller ikkje slik at
Taliban kan vinne seier Chaliand. Det blir heller "militær
stillstand". Taliban er geopolitisk intelligente og ventar tolmodig til
vesten "blir trøytte av ein krig som drar ut".
For så forstå korleis USA kom inn i ei slik blindgate må me gå litt tilbake i
historia. Sidan 1800-tallet har Afghanistan vore midtpunktet i det "store
spelet" mellom Russland og Storbritannia (no etterfølgt av USA). Ingen har
nokon gong hatt langvarig kontroll over det viktige transittområdet.
I dag har Afghanistan ein nabo kalla Pakistan som har ei stor
pashtun-befolkning nettopp i grenseområdet. Den primære geopolitiske interessen
til Pakistan er å ha eit vennlegsinna Afghanistan for at ikkje India, eller
Russland, USA, og / eller Iran skal dominere landet. På ulikt vis har Pakistan
støtta den pashtunske majoriteten, som i dag betyr Taliban. Pakistan vil ikkje
slutte med det.
Under president Carter beslutta USA å freiste fjerne ei såkalla
kommunistregjering dei meinte for nært knytt til Russland. Me veit no, via
frislepp av arkiva frå Carter-administrasjonen så vel som det ti år gamle
berømte intervjuet med Zbigniew Brzezinski, som var Carters tryggingspolitiske
rådgivar den gongen - at USA-støtte til mujahedin kom minst seks månader før den
sovjetiske invasjonen. Eit av måla var nettopp å narre Sovjet til ein militær
intervensjon, fordi dei korrekt meinte at det i siste instans ville bli eit
tilbakeslag og svekke regimet heime i Sovjet. Bravo! Det gjorde det. Men USAs
politikk fødde samtidig både al-Qaida og Taliban - eit klassisk eksempel på å
skyte seg sjølv i leggen. Uansett, nettopp Brzezinski åtvarar Obama mot å ta
opp att feilen Sovjet gjorde.
Obama lovar noko i dag han på ingen måte er i stand til å levere. Det er greit
nok at han blir omfamna av den irakiske regjeringa for framlegga sine om
Irakkrigen. Han rir høgt på det, og får kreditt frå folk i USA og resten av
verda for haldninga si. Men han kan miste kreditten på grunn av umaulege løfter
om Afghanistan. Dei 300 rådgivarane hans gjør ein dårleg jobb i det spørsmålet.
Obama veit å vere forstandig når det er naudsynt. I Afghanistanspørsmålet viser
han ingen forstand.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations
and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries